Forbod mot alkoholservering etter midnatt

Klikk for stort bileteRegjeringa har innført forbod mot alkoholservering etter midnatt. Forbodet trer i kraft frå og med natt til søndag 9. august og gjeld for heile landet.


Kvar enkelt serveringsstad er ansvarleg for å retta seg etter dette kravet.

Innstramming på andre område
Fredag 7. august kunngjorde regjeringa også andre tiltak for å hindra spreiing av covid-19 smitte. Les meir om dette i regjeringa si pressemelding.