Fleire kan få oppfriskingsdose  

 Time, Klepp og Hå opnar no for at fleire grupper kan få oppfriskingsdose.  

- Me er svært glade for den gode oppslutninga om koronavaksinasjon på Jæren. Vaksinasjon er det viktigaste langsiktige tiltaket for å koma gjennom pandemien, og me opnar no opp for oppfriskingsdose til fleire grupper, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time. 

I Time har no 91 prosent av alle over 16 år tatt første dose og 87 prosent har tatt andre dose. Om lag 70 prosent av dei over 65 år tatt oppfriskingsdose (tredje dose), i tillegg til at mange i denne aldersgruppa har bestilt time til seinare i desember.

Desse får no tilbud om oppfriskingsdose: 
Dose 3: 

  • Alt helsepersonell 
  • Alle over 45 år.  
  • Personar over 18 år med høg risiko for alvorleg forløp av covid-19, det vil seia dei stjernemerkte risikogruppene.  

Dose 4: 

  • Dei som har alvorleg svekka immunforsvar og har fått tre vaksinedosar som grunnvaksinering, er anbefalte ein fjerde dose som oppfriskingsdose. 

Oppfriskingsdose skal gjevast minst 6 månader etter sist dose med unntak for dei over 65 år som kan få etter 5 månader.

I tillegg er det framleis mogleg å bestilla tid til første og andre dose for dei som ønsker det.  

Meir informasjon om vaksinering i Time