Festaften for dei frivilligeGratulerer til Saniteten i Time kommune Synnøve Obrestad Skrettingland Mange frivillige har gjort ein kjempeinnsats i arbeidet med vaksinering i Time. Tysdag inviterte derfor Time kommune alle frivillige til festmiddag på Bryne kro og hotell for å takka for samarbeidet så langt. Ordføraren takka for innsatsen frå alle frivillige, og samtidig gratulerte Omsorgsgruppa i sanitetsforeningen i Time med innsatspokalen 2021. Omsorgsgruppa er eit samarbeid mellom Bryne, Lyefjell og Time sanitetsforening. Ordføraren takka Sanitetsforeningen i Time kommune med ein sjekk på 25 000 kroner. Middag, underhalding av Aaslands Bros og godt drøs rundt bordene gjorde kvelden til eit kjekt avbrekk i kvardagen. Igjen – takk for innsatsen. Sist endra 02.12.2021 07.16