Felles luftvegslegevakt for Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå

Klikk for stort bileteLuftvegslegevakta på Kleppe skal undersøka og testa personar med luftvegssymptom som treng legehjelp. Cecilia Sandsmark Dei fem kommunane går saman om felles luftvegslegevakt frå måndag 16. mars klokka 08.00.

Information in English, Polish and Arabic:

English  Polski  العربية 

Luftvegslegevakt
Luftvegslegevakta er på Kleppetunet i Olav Hålands veg 2, i lokala til Klepp og Time legevakt. Denne legevakta er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom som treng legetilsyn. Helsepersonell vil avgjera om pasientar skal testast. Testing er per i dag begrensa til svært få pasientgrupper. 
Her er Folkehelseinstituttet sin kriterier for kven som skal testast.

Pasientane vil bli undersøkt inne på legevakta eller i telt utanfor på parkeringsplassen. Du får beskjed om kor du skal møta. Følg skilting på staden.

Ordinær legevakt
Øvrige personar med akutt behov for legetilsyn, blir tekne hand om av dei ordinære legevaktene i Sandnes og Hå. Hå legevakt undersøker innbyggarar frå Time og Hå. Sandnes legevakt undersøker innbyggarar frå Klepp, Sandnes og Gjesdal.

Ikkje ring legevakta viss du er frisk!
Det er viktig å halda linjene opne for dei som er akutt sjuke eller skada. Har du lette forkjølelsessymptom, ikkje ring legevakt, men hald deg heime.

Har du spørsmål om korona, ring Folkehelseinstituttets informasjonstelefon: 815 55 015.

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din

Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117

Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117

Du vil få beskjed om kor du skal møta opp.

Ingen skal møta opp utan å ringa fyrst!

Ordninga med felles luftvegslegevakt gjeld inntil vidare.

Meir informasjon om koronaviruset