Feil i tømekalenderen

Klikk for stort bilete Frå veke 32 (5. august) og ut året er det feil i oppsettet i tømekalenderen for rutene 6-10. Dette gjeld papirversjonen som me sende ut rundt årsskiftet.  

Frå 5. august må du derfor bruka tømekalenderen som ligg på nettsida vår for å få rett oversikt. Eventuelt kan du henta ein oppdatert papirversjon hjå Innbyggarservice på rådhuset.

Papirtømming

Papirdunken vert ofte tømt etter at restavfalls- og biodunken er tømt. Bilen tømmer to avallstypar på Iikt, og må derfor koma tilbake for å tømma papirdunken. Hugs derfor at papirdunken må stå ute til den er tømt, og det kan gjerne vera litt seint på ettermiddagen.

For å gjera tømejobben lettast mogleg for sjåførane, ønsker me at alle dunkane vert sette til vegen med handtaka utover.

Hageavfall, grovavfall og farleg avfall

Henting av hageavfall, grovavfall og farleg avfall kan bestillast på www.hentavfall.no