Er du nærkontakt til ein person med korona? Her er reglane som gjeld for deg

Det er nå ulike krav til vaksne og barn/unge som er nærkontakt til ein person med koronasmitte.

Alle nærkontaktar som får symptom bør testa seg så raskt som mogleg, uansett alder eller vaksinestatus.

Her kan du bestilla test

Om du derimot ikkje har symptom, finn du her ei oversikt over kva som gjeld for deg.

Vaksne nærkontaktar

For vaksne som er nærkontaktar til ein smitta gjeld følgande:   

  • Det er ikkje krav om karantene eller testing for vaksne nærkontaktar som er fullvaksinerte (to vaksinedosar der den siste dosen vart sett for meir enn éi veke sidan). 
  • Vaksne nærkontaktar som har fått berre éin vaksinedose for meir enn tre veker sidan slepp smittekarantene så lenge dei testar seg mellom dag 3 og 7 etter nærkontakten. Dei treng ikkje venta på negativt svar.
  • Uvaksinerte gjennomfører vanleg smittekarantene i samråd med kommunen sine smittesporarar.

Nærkontaktar under 18 år

  • Barn og unge under 18 år som er nærkontakt til ein person med korona, kan ta koronatest i staden for å hamna i 10 dagars smittekarantene.
  • Ordninga gjeld ikkje for barn og unge som er i same husstand som ein smitta person, eller dersom barnet/ungdommen har symptom.
  • Ved smitte i skule og barnehage betyr dette at kommunen sine smittesporarar definerer kven som er nærkontaktar til den smitta. Nærkontaktane vil så få tilbod om testing så snart som praktisk mogleg ved teststasjonen på Kleppetunet. Nærkontaktane er då i karantene inntil dei får negativt testresultat.
  • Testen er ein hurtigtest som berre skal takast framme i nasebora. Svaret får du på helsenorge.no innan 30-60 minutt. Ved negativt resultat kan nærkontakten straks møta på skulen eller i barnehagen som vanleg igjen. 
  • Du kan vera smitta sjølv om testresultatet er negativt. Det kan vera for tidleg til at det blir utslag. Derfor skal nærkontaktar ta fleire testar for sikkerheits skuld. Dette er ein svært enkel test som dei eldste elevane og føresette til yngre elevar og barnehagebarn kan utføra sjølv heime.
  • Dei som er 13 år og eldre skal ta ny test på dag 3 og 5. Dei som er 12 år og yngre skal ta ein ny test mellom dag 3 til 5. De vil få instruksjonar av smittesporar og på teststasjonen i samband med den første testen. 
  • Dersom ein ikkje ønsker testing gjeld 10 dagars smittekarantene, slik som tidlegare.

Slik fungerer heimetesten:

Me minner om at informasjon om andre si helse er sensitive personopplysningar. Me ber om at du held det du måtte få vita om ein smitta person for deg sjølv og unngår rykte.