Energisparing og solenergi har stort potensial i regionen vår

For å få ned klimagassutsleppa og samtidig sikra forsyninga med energi i regionen vår, er energisparing eit enkelt og viktig tiltak. Samtidig er det viktig å sikra tilstrekkeleg tilgang til elektrisk kraft ved å auke overføringskapasiteten i straumnettet. Her kan kommunane ha ei viktig rolle, ifølge ein rapport som er laga for Klimanettverk Jæren.

Klimanettverk Jæren - pressemelding 03.06.2022:

Dilemmaa med utbygging av vindkraft og den til tider høge prisen på straum får mykje merksemd, medan det er mindre snakk om behovet for investeringar i kraftnettet, slik at straumen faktisk kjem der den skal når den skal. Også vasskraft, solkraft og ikkje minst energiøkonomisering må høgare opp på dagsordenen, ifølge rapporten.

– Uansett kvar energien kjem frå vil det ha konsekvensar for klima eller miljø. Den storstilte elektrifiseringa som trengs for å erstatta fossilt brensel og kutta klimagassutslepp, krev både tilstrekkeleg tilgang på energi og nettkapasitet, seier Smartby-leiar og kommuneplanleggjar Ståle Undheim i Sola kommune.

Undheim er medlem av arbeidsutvalet i Klimanettverk Jæren saman med fagansvarleg for arealplan i Klepp kommune Peter Willmann og klima og miljørådgjevarane Vegard Thorset Vaage frå Time kommune og Anne Zimmer Jacobsen og Gabriele Brennhaugen frå Stavanger kommune.

Utgreiing for ni kommunar

Det er dei ni kommunane i nettverket, Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg og Kvitsøy som har bestilt utgreiinga for å skaffa eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for å vurdera framtidige energiløysingar med lågare klimagassutslepp enn i dag.

Utgreiinga tar for seg dagens energibruk i regionen, ser på forventa etterspørsel etter energi og ny produksjon framover, og viser kor stort potensial vår region har for fornybar energiproduksjon og enøk/energieffektivisering.

Nettverket har fått støtte frå Miljødirektoratet for å dela kunnskap og erfaringar, og til å auka kompetansen i kommunane. Vi meiner denne utgreiinga som COWI har laga for oss, gjer eit godt bilete av situasjonen og anbefalingar til kommunane seier Gabriele Brennhaugen, som er koordinator for nettverket.

Kan spara energi tilsvarande 45 000 hushald

Rapporten viser at det blei brukt rundt 4,7 terawatt-timar, det vil sei 4,7 milliardar kilowatt-timar elektrisk straum i dei ni kommunane i nettverket i 2021. Straumnettet i vår region er under press. For å oppretthalda forsyningssikkerheita er det difor viktig å sikra tilgang på så mykje elektrisitet som mogleg, samstundes som elkraftnettet vert bygd ut.

Dessutan er det viktig å spara elektrisitet der det er mogleg. Det vil ifølge rapporten vera mogleg å spara 0,9 TWh kvart år ved å gjennomføra ENØK-tiltak i kommunane. Til samanlikning svarar 1 TWh omtrent til forbruket av elektrisk straum i 50 000 hushald i eitt år. I tillegg er potensialet for elkraft frå solceller berekna til 1,6-1,9 TWh.

Det finst allereie støtteordningar for å redusera energiforbruket i private hushald og i næringslivet, både hos det statlege selskapet Enova og hos Innovasjon Norge. Kommunane kan og bidra ved å gje støtte til installering av varmepumper.

– Det er viktig å kutta forbruket i tillegg til å auka produksjonen, seier Vegard Thorset Våge frå Time kommune.

Samtidig er det viktig at kommunane gjer heilskaplege energivurderingar og samarbeider om større tiltak, både for å redusera utsleppa og for å utnytta energien optimalt. Når dei planlegg plassering av næringsbygg og andre bygg kan ein til dømes legga til rette for at overskotsvarme frå éi bedrift kan bli brukt av andre som har behov for oppvarming.

Biogass kan ikkje løysa alt

I regionen vår finst Noregs største distribusjonsnett for naturgass. Gassen vert i hovudsak brukt til oppvarming i veksthusnæringa og til industriprosessar. Noko av naturgassen kan verta erstatta av biogass. I rapporten er potensialet for biogass vurdert til 130 millionar kilowatt-timar (KWh), noko som vil utgjera rundt 30 prosent av gassforbruket via gassnettet.

– I det grøne skiftet må utsleppa frå alle fossile energikjelder betydeleg ned, seier Peter Willmann.

Det som i si tid erstatta fyringsolje og andre meir forureinande energikjelder, vil ikkje lenger vera ei «miljøløysing» i eit lågutsleppssamfunn.

Gode eksempel i regionen vår

Fleire kommunar  i Noreg har allereie støtteordningar for energitiltak som vert retta mot private hushald, og Stavanger kommune føreslår no å oppretta ei støtteordning for luft til luft varmepumper. Sola kommune er på veg til å oppretta eit klimafond som skal støtta ulike klima- og miljøtiltak.

I vår region finst det fleire gode døme på lokalt produsert elektrisitet, både i kommunane og i næringslivet. Klimanettverk Jæren har blant anna samarbeidd med Naturvernforbundet om ein informasjonskampanje for bønder for å visa moglegheit for å installera solcellepanel på driftsbygningar og kva støtteordningar som finst for dette.

– Flyplassen på Sola produserer og stadig meir av energien lokalt, blant anna gjennom store solcelleanlegg, fortel Ståle Undheim.

Rapporten er eit kunnskapsgrunnlag for å jobba vidare med desse problemstillingane både i nettverket og dei ulike kommunane.

– Vi må jobba saman på tvers av kommunegrenser for å finna dei gode løysingane, avsluttar Anne Zimmer Jacobsen.

Trykk på lenkene nedanfor for å lesa heile rapporten og sjå presentasjon:

Utredning av energibruk Klimanettverk Jæren - mai 2022 (PDF, 5 MB)

COWI - presentasjon - Klimanettverk Jæren (PDF, 5 MB)