Elevar frå Bryne ungdomsskule på Nordic Edge

Bryne ungdomsskule samarbeider med Ungt Entreprenørskap i faget utdanningsval.  Denne veka flytta fleire av elevane på 9. trinn skuledagen sin til Nordic Edge i Stavanger forum.

Klikk for stort bilete 

På førehand hadde elevane fått tildelt oppgåver i form av ei utfordring dei skulle løysa eller legga fram forslag til løysing.  På messa brukte elevane prosessverktøyet dei jobbar etter og laga presentasjonar av prosjekta.  Interesserte gjester var innom på standen for å sjå korleis dei jobba fram løysingar på utfordringane dei har fått som «morgondagens leiar».  

Klikk for stort bilete