Eit år med felles luftvegslegevakt

16. mars 2021 vart det markert at kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes i eit år har drive felles luftvegslegevakt på Kleppetunet.
Klikk for stort bilete Klepp kommune  

«Normalt seier me gratulerer med dagen i ein slik samanheng, men å gratulera kvarandre med eitt år med korona kjennest litt feil,» sa ordførar i Klepp, Sigmund Rolfsen, i sin tale til dei tilsette ved legevakta.
 

Markeringa var først og fremst ein takk til nettopp dei som jobbar på legevakta, både med testing og med å ta i mot pasientar med luftvegsplager: «Me vil alle samen takka dykk så mykje for den særdeles flotte jobben de har gjort. Det har eg også dei andre ordførarane med meg på.» sa Rolfsen. Alle dei fem ordførarane var til stades ved markeringa.

«At me fekk samla all testing på ein stasjon var heilt riktig og det har fungert glimrande. Men det har også vore utfordringar. Frå å testa rundt 20-40 personar per dag har tala vore oppe i 1000 personar per dag. Talet på testar har i vore svingande ut frå smittesituasjonen, noko som har vore krevjande med tanke på bemanning.»

Leiar for luftvegslegevakta, Ellen Marie Kalberg, fekk ein spesiell takk, og kommunen sitt smittesporingsteam vart også heidra denne dagen.

Klikk for stort bilete Klepp kommune