Ei helsing frå ordføraren

Klikk for stort bileteKjære alle Timebuarar!
 


Koronapandemien påverkar oss alle. Me er nå på 13. dagen med dei største restriksjonane på vår fridom i fredstid, og regjeringa har i dag forlenga desse til 13. april. Årsaka er ein nasjonal dugnad for å hindra at helsesystemet vårt blir overbelasta og at færrast mogleg døyr som ein konsekvens av viruset.
 
Takk til helsepersonell
Eg ønsker å retta ein stor takk på vegne av alle innbyggjarar i Time til dei av dykk som arbeider i helsevesenet, og i sær dykk i kommunen. De som har snudd dykk kjapt om for å danna ei eiga luftvegslegevakt på Klepp for dei som skal testast for koronaviruset. De som sikrar at innbyggjarane våre på Bryneheimen, Sivdamsheimen og alle andre kommunale institusjonar blir tatt godt vare på. De i heimesjukepleien som kvar dag reiser frå bustad til bustad for å hjelpa dei som ikkje heilt klarar alt sjølv lengre. Alle saman gjer de ein uvurderleg innsats, særleg i krisa me nå er inne i. Tusen takk!
 
Det er mange andre som òg fortener takk for sin innsats for å halda samfunnshjula i gang. Reinhaldsarbeidarar, butikktilsette, sjåførar - ja lista er ganske lang. Her på Jæren vett me òg å setta ekstra pris på bøndene våre og grunnlaget dei gir oss for matsikkerheit i ei tid som denne. 
 
Jærsk stå-på-vilje
Sjølv om tida med rette kan kallast ei krise, både for enkelte innbyggjarar som er permitterte og for bedrifter som nå slit, så er det rom for å trekka fram noko positivt. Som alle dei som har kontakta kommunen for å melda seg som frivillige. Jærbladet som oppmodar lesarane sine til å senda inn takk til personar som fortenar det ekstra i denne tida og gir ut blomar. Aarbakke AS som leverte «heimafabrikk» til tilsette i karantene. Er det noko me på Jæren er gode på så er det dugnad og stå-på-vilje – og det kjem særleg fram i desse tider!
 
Ta vare på kvarandre
Eg vil til slutt oppmoda alle om å fortsetta å følga myndigheitene sine tilrådingar om god hand-, hoste- og nysehygiene og avgrensa sosial kontakt med andre mest mogleg. Eg vil samtidig oppmoda dykk til å ta kontakt me kvarandre på andre måtar. Ring. Bruk teknologien. Tenk særlig på om du kjenner nokon som kanskje kunne trenge ein telefonsamtale ekstra i desse tider.
 
Klikk for stort bilete Ingeborg Skrudland Saman gjer me ein forskjell og kvar ein av oss er viktige i den nasjonale dugnaden.
 
Reinert Kverneland  
Ordførar