Du er ein del av beredskapen i Noreg

 Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? ​

Målet med Eigenberedskapsveka 2021, som varer frå 1. november til 7. november, er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Og ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du, og dine næraste, blir litt betre førebudd.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tar nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lesa på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn.

sikkerhverdag.no

Kvifor eigenberedskapsråd no?

Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. ​Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet.​