Droppsone for føresatte ved Bryne skule

Det er nå etablert ei droppsone på parkeringsplassen til Kiwi (Jernbanegata).

Klikk for stort bilete 

Skulen har tidlegare uttrykt bekymring for auka trafikk i nærområdet til skulen. Det er mange barn som blir køyrt til skule eller SFO og dette fører til auka trafikk og mindre trygg skuleveg for dei elevane som går eller sykler til skulen. 

Det er tronge vegar som leier inn til skulen, og kommunen har sett opp forsterka lys for å betra tryggleiken på overganger. Likevel er me bekymra for mengda av køyretøy som ferdes i området medan 500 elevar er på veg til skulen. Dette ønskjer me no å få gjort noko med. Me ønskjer at området rundt skulen vert ei hjartesone. Dette betyr at hjartesona er tilnærma bilfri i tida elevane er på veg til eller frå skulen.  

"Skulen meiner at denne droppsona vil vera med å gjera skulevegen tryggare for elevane våre, men så framt at føresette må endre vanar og ta droppsona i bruk. Me har tillit til at de vil gjera det som er best for barna og bruke denne droppsona ved behov" - Heidi Barvik, rektor Bryne skule.

Sjå elevane forklara droppsona her

Det er skilta og sett av 5 parkeringsplasser som føresette kan benytte seg av når dei skal levere eller hente på skule / sfo. Føresette kan velge å sette av barnet her, eller parkere og følgje barnet til skulen.  

Trygge skulevegar eit viktig satsingsområde for folkehelsearbeidet i kommunen. 

Takk til fylkes trafikksikkerhetsutvalg for økonomisk støtte til prosjektet, Trygg Trafikk  og Meierigården v/ SV Betong for godt samarbeid for å få dette til.