Drop-in uansett kvar du bur 

Visste du at du kan gå på drop-in for koronavaksine i alle jærkommunane, uansett heimkommune? 

Både Klepp, Time, Hå og Gjesdal har tilbod om drop-in framover, i tillegg til at du kan bestilla time. 

På drop-in er alle velkomne. Passer det for eksempel betre for ein kleppsbu å vaksinera seg i Time, er det heilt i orden. Alle over 18 år kan nå få tredje dose, så lenge det har gått 20 veker sidan dose 2. Dei som ønsker dose 1 og 2 kan også komma på drop-in på Jæren. Dessutan kan alle som ønsker dose 1 eller 2 nytta seg av drop-in på Kvadrat, fram til og med 15. januar, i heile opningstida til kjøpesenteret. Hugs å ta med signert samtykkeskjema frå føresette, dersom det er barn 12-16 år som skal ha vaksine. Her kan du møta på drop-in i dei kommande vekene: 

Kommune 

Vaksinestad 

Dato 

Tidspunkt 

Dose 

Sandnes 

Kvadrat 

5. - 15. jan 

I opningstida 

1 og 2 

Klepp 

Klepp rådhus 

20. jan 

13.00-15.00 

Alle 

 

 

27. jan 

13.00-15.00 

Alle 

Time 

Kirsten Brynes veg 30 på Bryne (tidl. NAV-kontor).  

Tysdag, onsdag, torsdag kvar veke 

0900-1430 

Alle 

 

Hå helsesenter, Nærbø 

13. jan 

18.00-19.30 

1 og 2 

 

 

27. jan 

18.00-19.30 

1 og 2 

 

Ogna bibliotek 

12. jan 

15.00-18.00 

Alle 

 

 

19. jan 

15.00-18.00 

Alle 

 

Apotek 1 Heilo, Amfi Nærbø 

Frå veke 2, måndag, onsdag, fredag 

09.00-15.00 

Alle 

Gjesdal 

Rettedalen 11 

12., 13., 19. og 20. jan. Deretter onsdagar. 

Sjå kommunen si nettside 

1 (i veke 2 og 3). 


Meir informasjon og fortløpande nye datoar for drop-in finn du på kommunane sine nettsider. Du kan også bestilla tid til både første, andre og tredje dose i din heimkommune. Bestiller du time unngår du å stå i kø på vaksinestaden, og det er forutsigbart både for deg og for kommunen. 

Les meir og bestill time her