Driftstilskot til førebyggande arbeid 2023

Nå kan frivillige lag og organisasjonar som driv med førebyggande arbeid innan helse, velferds- og samfunnsnyttige tenester søka om driftstilskot.  

Søknadsfrist 

Søknadsfrist for 2023 er 5.januar  2023.  Søknadsskjema finn du her.

Søknaden må visa 

  • kva ein søker støtte til 
  • kva tilbod kan ein tilby 
  • kven målgruppa er 
  • tal på deltakarar ein kan gje tilbod til 
  • årsmelding og revidert rekneskap frå sist år 

Frivillige organisasjonar, lag og foreiningar og enkeltpersonar kan søka om driftstilskot for å driva førebyggande arbeid for innbyggarar i Time kommune som eit supplement til kommunen sine tenester.

Formålet med tilskotet er å gi søkarane større moglegheiter for å gjennomføra sitt engasjement, og å stimulera til aktivt sosialt arbeid på frivillig basis. Tiltak som utløyser frivillig innsats og som er forankra i kommunen sitt planverk vert prioritert.  

Time kommune har frå før av ei ordning med driftstilskot til frivillige lag og organisasjonar. Det er berre mogleg å få driftstilskot frå ei av ordningane. 

Du kan lesa meir om tilskot til kultur og idrett her

Ramme for tildeling 

Dei siste åra har det vorte utbetalt mellom 50.000 - 100.00 kr totalt per år. Det er endå ikkje avklart kor stor potten vil vera for 2023. Det vil bli satt av eit beløp til dette i økonomiplan 2023-2026, denne blir behandla av kommunestyret 13. desember 2022.   

Søknadane vert behandla av Utval for levekår 1. februar 2023. 

Dersom du treng hjelp eller rettleiing kan du kontakte rådgjevar Rita Ueland:

Mobil: 99 11 61 62 

E-post: rita.ueland@time.kommune.no