Driftsresultat for Time kommune 2019

Klikk for stort bileteTime rådhus Synnøve Obrestad Skrettingland God utgiftskontroll, høgare skatteinntekter enn budsjettert, og betydelege inntekter frå skatteutjemning gjer at resultatet for 2019 vert betre enn venta.

Det førebelse netto driftsresultatet for Time kommune er på 25,2 millionar kroner og utgjer 1,7 % av driftsinntektene. Etter avsetning til fond og overføringar av midlar til investeringar er overskotet på 8 millionar kroner. Resultatet er vesentleg betre enn fjoråret då tilsvarande tal var 5,1 millionar kroner og 0,4 %. Det var budsjettert med eit netto driftsresultat for 2019 på 11 millionar kroner.

- Kommunen har i 2019 hatt ein krevjande økonomisk situasjon der me tidleg på året måtte føreta innstrammingar på vedtatt budsjett. Dei tilsette har under dei stramme økonomiske rammene levert gode tenester og god økonomistyring og gitt sitt bidrag til at året 2019 kjem ut med godt resultat, seier rådmann Trygve Apeland

- Skatteveksten i Time er god med 3,9 %, men me ligg framleis under landet som veks med 4,7 %. Skatteinntektene for kommunen er nå på 93,6 % av landsgjennomsnittet og er blitt redusert kvart år dei siste 6 åra. I 2013 hadde kommunen skatteinntekter på 106,7 % av landsgjennomsnittet. Så sjølv om driftsresultatet vart betre enn budsjettert kan me ikkje friskmelda kommuneøkonominen av den grunn, seier økonomisjef Aud Steinsland

Rekneskapen synar òg ei svikt i inntektene i forhold til budsjett. Dette gjeld særleg statleg tilskot til ressurskrevjande brukarar og salsinntekter for kinoen. 

Investeringar 2019

Time kommune hadde i 2019 brutto investeringar på 221 millionar kroner. Dei største investeringaprosjekta i 2019 var Vardheia ungdomsskule m/idrettshall og turnhall, Trollongane barnehage og fleire overvasstiltak.

Investeringane er finansiert med 55 % låneopptak. Brutto lånegjeld auka med 69 millionar i 2019 til 1 474 millionar kroner.

 

Klikk for stort bileteGrafen viser netto driftsresultat dei siste åra. Reid Ivar Bjorland Dahl