Din tur for koronavaksine?

Vaksinekontoret Anita Ås Vaksinekontoret har flytta til Kirsten Brynes veg 30 på Bryne.  

Frå og med 6. januar 2022 har me vaksinekontor for koronavaksinering i det tidlegare NAV-kontoret i Kirsten Brynes veg 30 på Bryne.

Der vert det vaksinering tysdagar, onsdag og torsdag kvar veke mellom kl. 0900-1430.  Frå februar vil det vera
tysdag og onsdag kl. 0900-1430, ettermiddagstimar torsdagar i oddetalsveker 12.00-17.00 og kl. 15.00-20.00 annan kvar gong.  Dagtid (torsdagar) i partalsveker kl. 09.00-14.30 (den torsdagen det ikkje er ettermiddagstimar). 
 
Du som ønsker første eller andre dose kan koma innom på drop-in i opningstida.

Du som skal ha tredje dose bestiller tid via denne lenka

Pass på at det er minst 20 veker mellom andre og tredje dose. Denne tabellen viser kor tid du kan ta tredje dose ut frå andre dose:

Vaksinetabell
Dose 2 Dose 3
Veke 33. 16-22 aug Veke 1. 3-9 jan
Veke 34. 23-29 aug Veke 2. 10-16 jan
Veke 35. 30-5 sept Veke 3. 17-23 jan
Veke 36. 6-12 sept Veke 4. 24-30 jan
Veke 37. 13-19 sept Veke 5. 31 jan-6 feb
Veke 38. 20-26 sept Veke 6. 7-13 feb
Veke 39. 27. sept-3. okt Veke 7. 14-20 feb
Veke 40. 4-10 okt Veke 8. 21-27 feb
Veke 42. 18-24 okt Veke 9 28 feb-6 mars
Veke 43. 25-31 okt Veke 10. 7-13 mars
Veke 44. 1-7 nov Veke 11. 14-20 mars

16-åringar
Frå den dagen du fyller 16 år kan du ta andre dose om det er minst 4 veker sidan du tok første dose.

12-åringar
Frå den dagen du fyller 12 år kan du ta koronavaksine.  Tid for dette kan bestillast på denne lenka.  Det er viktig at du som er i alderen 12-16 år tek med samtykkeskjema som skal vera underskrive av begge foreldra.

Per nå vaksinerer me med Pfizer-vaksine.