Digital bøsseberar i år

TV-aksjonen i år vert digital 

Klikk for stort bilete 

Sidan 1974 har TV-aksjonen vore omtala som verdas største dugnad. I år er det ein annan dugnad som er større – å kjempa ned COVID-19. Årets TV-aksjon vert derfor digital.

Den gode sundagsturen med TV-aksjonsbøsse i handa vert det ikkje noko av i år. På grunn av smittefaren kan me ikkje gå frå dør til dør og banka på, men det er fullt mogleg å verta  bøsseberar likevel. I år skal du registrera deg som digital bøsseberar på www.blimed.no

15. september opnar registreringa og 5. oktober opnar dei digitale bøssene for innsamling. Bøssene vil vera opne fram til 1. november. Årets bøsser finnes berre på nett og måten du skal samla inn pengar på, er å dela lenka til bøssa på sosiale medium, e-post, sms og ved å snakka med nettverket ditt og oppfordra til å gje pengar i din digitale bøsse. Det er mogleg å betala med Vipps eller bankkort. Gjevarane kan velja å registrera namnet sitt eller vera anonyme. Du kan heile tida følga med på kor mykje pengar som er kome inn på bøssa di.

Årets tema er noko me alle er opptekne av: reint hav utan søppel.

WWF Norge jobbar for å kjempe mot plast i havet og er årets mottakarorganisasjon. Dei er verdas største miljøorganisasjon og finnes i over 100 land. Årets innsamling skal ta plasten ved rota, og starta der behovet er størst; i søraust-Asia og landa Thailand, Indonesia, Vietnam og Filippinene.

Åtte millionar tonn plast hamner i havet kvart år. Plasten truer ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak skal årets aksjon redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava.

Meir enn 900.000 menneske skal få nye og betre avfallssystem. I samarbeid med myndigheiter, lokalbefolkning og næringsliv skal bruken av unødvendig plast reduserast. Gode avfallssystem kan bidra til å endra lokalsamfunn og gjera menneske meir knytte til nærområdet sitt.

Les meir om årets tema på www.blimed.no og følg oss på Facebook og Instagram – TV-aksjonen Rogaland.