Dialogmøte med pårørande

Klikk for stort bilete I slutten av juni hadde me dialogmøte med pårørande til personar som bur på institusjon i Time. Nesten 30 personar møtte opp og fortalte om si erfaring som pårørande.

Mange historiar vart fortalde, og me fekk gode innspel til korleis me kan gjera tenestetilbodet vårt endå betre. For Britt Ellinor Scott, kommunalsjef for Omsorg, er denne dialogen med dei pårørande viktig:

- For oss er det viktig å lytte til dei pårørande. Dei er ein viktig ressurs når me nå ser på korleis me kan utvikla tenestetilbodet vårt. Me er veldig glade for at så mange møtte opp på dialogmøtet, og det var spanande å høyra kva tankar dei hadde om korleis me kan forbetra oss, seier ho.

Me har det siste året hatt ein gjennomgang av nåsituasjonen innanfor pleie- og omsorgstenestene. Ut i frå dette arbeidet har me fått ein rapport utarbeidd av Agenda Kaupang. Her kjem det forslag til korleis me best kan rigga oss for å møta utfordringane som kjem i framtida.