Det er tid for å lesa av vassmålaren

vassmålar - Klikk for stort bileteHugs at det berre er tala på svart bakgrunn som skal lesast av, ikkje dei raude.

14. desember er frist for å lesa av vassmålaren.

I slutten av veke 48 sender Time kommune ut SMS om vassmålaravlesing til alle fakturamottakarar som er registrerte med mobilnummer. Når du får SMS, registrerer du målarstanden din ved å klikka på lenka i SMS-en.

Får du ikkje SMS? Fortvil ikkje.  Du finn all informasjon om vassmålaravlesing og registrering her.

Ny vassmålar må også lesast av

Dersom du har fått installert ny, automatisk vassmålar, må du dette året likevel registrera tala manuelt. Årsaka til dette er at kommunen sitt system ikkje er heilt klart for å ta imot tala automatisk.

Ny type vassmålar - Klikk for stort bileteTala innanfor den raude firkanten skal lesast av.