Det er ikkje for seint å få vaksine   

Kommunane på Jæren mottar nå mange nye dosar med koronavaksine, og oppfordrar særleg dei over 65 år til å takka ja til tilbodet om oppfriskingsdose.

Målet med oppfriskingsdosen er å auka beskyttelsen mot å bli alvorleg sjuk, betra føresetnadene for beskyttelse også mot nye virusvariantar, og dessutan forlenga beskyttelsen.

Me ser at dei som blir innlagt på sjukehus med korona er eldre menneske, og uvaksinerte yngre personar. Derfor er det viktig at desse to gruppene bestiller time til vaksinering, spesielt nå som presset på helsetenesta er aukande, seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Det er den samla belastninga på helsevesenet som er førande når myndigheitene vurderer om dei skal innføra nye smitteverntiltak eller ikkje.

Kommunane tilbyr framleis koronavaksine til alle aldersgrupper over 12 år: 

  • dose 1 for barn 12-15 år
  • dose 1 eller dose 2 for alle frå 16 år
  • oppfriskingsdose (dose 3) for alle over 65 år
  • ein ekstra dose til dei som ikkje har tilstrekkeleg effekt av to doser (vaksne med immunsvikt og barn under 15 år med alvorleg sjukdom). Desse skal ha fått beskjed via behandlande lege.  

Meir informasjon om bestilling av tid til vaksine