Dagsturhytta i Time kan bli forsinka

Bjørn Magnar Øren Etter planen skal den nye dagsturhytta stå klar på Njåfjell i desember, men no kan bygginga verta forsinka.

Saman med Rogaland fylkeskommunen og Sparebankstiftelsen SR-Bank skal Time kommune setta opp ei dagsturhytte som skal vera til fri bruk for alle. I samband med behandling av byggesøknaden for hytta har det kome fram informasjon som gjer at prosjektet kanskje vert noko forsinka:

- Statsforvalteren har varsla oss om at det er mogleg at det er eit hekkeområde for hubro i området der me har tenkt å setta opp hytta. Me vil derfor gjera grundige undersøkingar for å få avklart dette før me eventuelt kan setta i gang med bygginga. Om det viser seg at me ikkje kan bygga dagsturhytta på den planlagte tomta, vil me finna ei anna passande tomt der me kan setta denne opp, seier Stian Langeland, fritidssjef i Time kommune.

Namnekonkuranse

I september ba me om innspel til kva den nye dagsturhytta bør heita. Det har vore stort engasjement rundt dette, og nærmare 100 personar har kome med namneforslag.

Då eit av kriteria for namnevalget er tilknytning til staden der hytta skal stå, har me valgt å utsetta beslutning om kva namn dagsturhytta skal få. Me kan derfor ikkje kåra ein vinnar av namnekonkuransen endå, og me kjem tilbake til dette når det er endeleg avklart kor hytta vert plassert. Om hytta får ein ny lokasjon vil det sjølvsagt verta ein ny namnekonkuranse.

Alle som leverte inn forslag i denne omgang har uansett vore med i trekninga om gavekort på kinobillettar slik me lova. Desse er dei heldige vinnarane:

  • Anders Underhaug
  • David Njå
  • Jane Marie Eide
  • Randi Otterlei Malmin
  • Jostein Reiestad
  • Andreas Budeng
  • Emilie Bogelund
  • Ove Taksdal
  • Tine Braut Thu
  • Trond Magnus Hansen

Vinnarane er kontakta direkte. 

Om dagsturhytta

Les meir om dagsturhytta her