Bykonferansen 2021

 Fredag 19. november er det klart for årets bykonferanse. 

Bryne er 100 år i år. Derfor vil bykonferansen sjå både bakover og framover. Ei rekke spennande føredragshaldarar vil sette lys på ulike sider som har med Bryne si fortid, nåtid og framtid å gjera.

Bykonferansen er også ein glimrande stad å treffast for alle som er interesserte i Bryne. Derfor er det lagt opp til mingletid både før, i pausen og i lunsjen. I tillegg har me lagt opp til eige kveldsprogram. Her vert det anledning til å sjå nyskaping og nytenking i praksis, og til å drøfta moglegheiter og idéar med nye og gamle kjende.

Bykonferansen 2021 vert arrangert i samarbeid mellom Bryne Næringsforening, styringsgruppa for byutviklingsprosjektet og Time kommune.

Meir informasjon om program finn du her:

Bykonferansen 2021