Byggeprosjekt i Vardheia

Time kommune skal bygge ungdomsskule, idrettshall og turnhall i Vardheia.
Klikk for stort bilete

Det var to som leverte tilbod på Vardheia ungdomsskule, idrettshall og turnhall, Jærentreprenør og Skanska. Det var to gode tilbod og skisseforslag der Jærentreprenør vant konkurransen.  Time kommune vil nytta høve til også å takka Skanska for deira bidrag i konkurransen. Dei har på lik linje med Jærentreprenør lagt ned eit betydeleg arbeid.

Kommunen har sett på anskaffelsesprosessen som god. Nå ser me fram til samspelfasen med Jærentreprenør, før endeleg kontrakt med Jærentreprenør om totalentreprise.

Kostnadsramme for heile prosjektet er 366 millionar kroner inkl. mva.