Bustadplan 2020-2040

Bustadplan 2020-2040 er vedteken av kommunestyret 15.  september 2020. 
Klikk for stort bilete Asplan Viak  

Bustadplan for perioden 2020-2040 (PDF, 869 kB) beskriv dagens og framtidas behov.

Planen handlar om Time kommune sine nåverande og framtidige bustadar som er avsette til kommunale bustadformål.
Ut frå kartlegginga som er gjort, vert det gjeve tilråding om kva slags bustadmasse Time kommune bør selja, bygga og omdisponera i prioritert rekkefølge. 
Bustadplan 2020-2040 har utgangspunkt i det som er vurdert som heilt nødvendig for å sikra kommunen sine overordna mål om at alle skal bu trygt og godt i Time kommune. Bustadplan 2020-2040 skal takast med i det årlege økonomiplanarbeidet.  Planen skal evaluerast annan kvart år.