Brynelunden opne barnehage vert flytta til Nyland barnehage sine lokale i Kvålevegen 2.

Den opne barnehagen planlegger å starte opp igjen (etter Covid 19) den 10.august. 

Klikk for stort bilete 

Etter vedtak i kommunestyret 16.juni er det bestemt at den opne barnehagen vert flytta til Nyland barnehage sine lokale. Nyland barnehage er midlertidig lagt ned til august 2022.  Nyland har hatt drift i 2 bygg. Den opne barnehagen starter i bygg 2 (som ligg i Kvålevegen 6), medan ein tilpassar bygg 1 (som ligg i Kvålevegen 2)  til drift av open barnehage. Planen er at Nyland barnehage (bygg 1) skal vera klar for Brynelunden opne barnehage i september 2020.