Brukerundersøking i skulefritidsordningane (SFO) i Time kommune

Det vart i februar 2019 gjennomført brukarundersøking i skulefritidsordningane i Time skule.Klikk for stort bilete   

 

 

 

Det har våre eit mål etter brukarundersøkinga som vart gjennomført i 2017 å auka deltakinga i 2019 slik at ein får eit påliteleg og valid resultat. Det har blitt gjort ein stor innsats for å betra deltakinga, og deltakinga har gått opp frå 2017 til 2019, frå 35% til 55%.  Undheim skule hadde for få svar til at resultat frå undersøkinga kunne nyttast (må vera minimum 5 respondanter).

Litt frå resultata:

Time kommune har hatt framgang på alle indikatorane i undersøkinga og ligg tett opp til gjennomsnittet for landet. Kvar eining må gjera tiltak på dei områda dei har mest forbetringspotensial.

Time kommune bør gjera tiltak for å betra kommunikasjonen mellom SFO og heim. I denne samanheng er det naturleg å finna ei brukarvenleg app-løysing.

Det bør vera eit langsiktig mål å vurdera søskenmoderasjon eller redusert foreldrebetaling til føresette som har låg inntekt. Dette bør setjast i samanheng med arbeidet mot barnefattigdom og integrering.

Time kommune bør halda fram med brukarundersøkingar og bruka dette som eit verktøy i kvalitetsarbeidet for skulefritidsordningane.

For meir detaljar- sjå saksdokument frå møte i Utval for levekår 30.10.2019