Brukarar, politikarar og tilsette på kafèdialog

Fleire brukargrupper var inviterte då kommunalsjefen for omsorg inviterte til ny kafèdialog omkring rapporten Agenda Kaupang har utarbeidd om pleie og omsorg i Time kommune. 

Klikk for stort bilete 

Åtte prosjektgrupper er i arbeid for å jobba med analysane i rapporten og med innspel som kom i kafèdialogmøtet som var i mars.   
Politikarar, senior- og brukarrådet, lag og organisasjonar, tillitsvalde og leiarar i pleie og omsorg var inviterte til nytt dialogmøte med agenda slik:
- langsiktig planlegging av bustadar og institusjonar
- prosjektgruppene sine rapportar og forslag til tiltak. 
- resultat og tilrådingar i drifts- og ressursanalysen   .  (PDF, 3 MB)

Deltakarane var engasjerte og kom med fleire nyttige innspel.  
Samtalane var sette opp rundt desse temaa: 
- sjå på dei ulike alternativa til dekningsgrad på institusjon for innbyggarar over 80 år. 
- Time kommune har som mål at innbyggarane skal bu i eigen heim lengst mogleg.  Kva kan du som
   innbyggar gjera, og kva kan Time kommune gjera for å nå dette målet? 
- Korleis skal me klara nytta den ressursen som eldre og frivillige er på ein god måte? 
- Korleis ser du føre deg at institusjonane i Time kommune er om 15 år?