Bli kjent dag for nye lærlingar i Time kommune

Denne gode gjengen startar opp som lærlingar i august.

Klikk for stort bilete

Onsdag 19. juni hadde me bli kjent dag for 17 nye lærlingar i kommunen. Dette er ein dag kor lærlingane skal få informasjon om det å vera lærling. I tillegg fekk dei møta ordføraren, hovudvernombod, tillitsvalte og to lærlingar som fortalte korleis det er å vera lærling i kommunen. Det vert ein kjekk dag som vert avslutta med omvising og film på Bryne kino med god hamburgar til.

Tilbakemelding i frå ein av lærlingane - "Synst at det var et utrolig bra opplegg dere har laget til! Kjekt å få være med. ☺"