Besøksvertar på sjukeheimane Me er glade for å kunna spreia nytt om at me har fått besøksvertar på Bryneheimen og på Sivdamheimen. Sanitetsdamene i Time stiller for å hjelpa til ved sjukeheimane. På denne måten er dei med på å laga trygge rammer for våre kjære som er på institusjon, trygga rutinane for alle pårørande som ønsker å koma på besøk. Samtidig som dei hjelper alle oss som jobber i institusjonane i denne spesielle tida. Besøksvertane er på plass mellom kl. 13.00-14.00 og kl. 17.30-18.30 kvar dag fram til over jul. Me ber deg som besøkande om å ringa til avdelinga i forkant for å avtala besøkstid i dette tidsrommet. Sist endra25.11.2020 15.04