Besøk ved helse- og omsorgsinstitusjonar

Me følger råda frå nasjonale myndigheiter og opnar opp for besøk på institusjonar og omsorgsbustadar frå 29. mai. Besøk må vera avtalt på førehand, og besøkande må følga gjeldande smittevernreglar.
Klikk for stort bilete 

I midten av mars innførte me restriksjonar for besøkande til helse- og omsorgsinstitusjonane våre. Dette var eit viktig tiltak for å unngå Covid-19 smitte blant våre pasientar. Per 28. mai er det ikkje påvist smitte blant våre pasientar.

Lettar på restriksjonane

I takt med at det er stadig mindre smitte i regionen vår, har me gradvis opna for opp for litt besøk ved institusjonar og omsorgsbustadar. Besøk har i hovudsak vore avgrensa til at pårørande har hatt lov å ta med pasientar utandørs. Frå 28. mai opnar me for at pasientane også kan ha besøk på romma sine. Besøk i fellesareal er fortsatt ikkje tillate.

- Me følger dei råda me får frå nasjonale myndigheiter, og opnar derfor opp for besøk. Då det er lite smitte i vår region vurderer me at risikoen ved å opna er liten. Me vil takka pasientar og pårørande for stort tolmod i den siste tida, og gleder oss til at pasientane våre nå kan få meir besøk, seier kommunalsjef Omsorg Britt Ellinor Scott.

- Dei siste vekene har det vore mogleg for pårørande å ta med seg pasientar ut på tur. Mange pasientar har hatt stor glede av dette, og det har hatt mykje å seia for trivselen deira, seier Scott vidare.

Smittevernreglar

Alle besøkande må følga gjeldande smittevernreglar. Det er mellom anna veldig viktig at du ikkje går på besøk om du har symptom på luftvegsinfeksjon.

Om du skal besøka nokon på ein av institusjonane våre, må du gjera avtale om dette med avdelinga på førehand. Ved besøk vil du verta informert om kva for nokre rutinar for smittevern som gjeld for besøkande.  Nærmaste pårørande vil også verta kontakta om dette.