Besøk i barnehagar

 Klikk for stort bilete Time kommune

Har du ein liten som gler seg til å begynna i barnehage til hausten? 

Barnehagane vil ha besøksdagar for foreldre som har barn som skal starta i barnehage til hausten. På besøksdagen kan foreldre sjå barnehagen og treffa tilsette på ettermiddagen mellom kl. 17.00 - 19.00 i perioden 17.02 til 25.02.

I møte vil dei få meir informasjon om barnehagen og moglegheit til å stilla spørsmål.

Dei besøkande må vera friske og følgja smitteverntiltak som er satt av barnehagen.

For påmelding, ver venleg og kontakt styrar i den aktuelle barnehagen.
Du finn meir informasjon om barnehagane på deira eigne nettsider/Facebook.