Barnehageopptak 2021 er gjennomført

 Det var i år 297 søknader til barnehageopptaket

Klikk for stort bilete 

Det vert sendt ut svar på barnehagesøknadane i veke 11 (frå 15.mars).  Svarbrev vert sendt ut elektronisk frå barnehagane. Alle med rett til barnehageplass skal få tilbod om plass. Barn som ikkje blir tildelt plass vil stå på venteliste.
Hovudopptaket vert avslutta 31.mai, etter denne datoen gjeld reglar for supplerande opptak. Det vil sei at den enkelte barnehage vil ta opp barn frå ventelista etterkvart som det vert ledige plassar.