Barnehagedagen 2020

Tysdag 10. mars var skulestartarane i Time kommune samla på biblioteket for å markera Barnehagedagen 2020.

Klikk for stort bilete 

"Ulike sammen" var temaet for årets barnehagedag.

Ein av barnehagens viktigaste oppgåver er å arbeida for at alle barn skal oppleva å ha tilhørigheit og å vera del av barnehagefellesskapet. Det skal vera “rom og plass” til alle barn - uansett funksjonsnivå, kjønn, sosial, etnisk og kulturell bakgrunn.

Elevbedrifta «Dans det» representert med Mia, Dominika, Ingeborg og Ulla starta og avslutta samlinga med "Bli med dansen" i lag med alle barna.

Guri og Kari frå Time kulturskule hadde ei flott samling der barna blei tatt med i ulike songar, bevegelsar, leik og reglar.

Det var stort engasjement og glede hos barna, ei fin markering der alle kunne delta på sin måte.