Barnehagane opnar igjen 20. april, småskulen opnar 27. april

Klikk for stort bileteTysdag 7. april kom regjeringa med fleire endringar i tiltaka som er innførte for å bremsa koronasmitte i Noreg.

Det er ingen lokale forhold som tilseier at me treng å gjera unntak frå dei nasjonale retningslinjene i Time kommune. Dermed vert desse sju endringane gjeldande:

  • 20. april opnar barnehagane igjen. Dei som treng meir tid, kan venta til 27. april.
  • 20. april kan helsefaglege verksemder med ein-til-ein-kontakt, som mellom anna fysioterapeutar og psykologar, gjenoppta behandling. Det er ein føresetnad at ein bransjestandard for smittevern er på plass.
  • 20. april vert forbodet mot å overnatta på hytter oppheva.
  • 27. april skal elevar i 1. til 4. klasse tilbake på skulen, og tilbod om SFO opnar. Ambisjonen er at alle elevar skal tilbake på skulen på ein eller annan måte før sommaren.
  • 27. april vil regjeringa òg gjenopna vidaregåande skule for elevar på VG3 som følger yrkesfagleg løp i skule, samt yrkesfagelevar på VG2, dersom det kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.
  • 27. april vil universitet, høgskular og fagskular opna for nokre studentar og tilsette som er i sluttfasen av studiar og prosjekt, og som er heilt avhengige av utstyr på lærestaden.
  • Seinast 27. april kan andre tenester med ein-til-ein-kontakt, som mellom anna frisørar og hudpleiarar, gjenopna om dei oppfyller krav om smitteverntiltak og den nye bransjestandarden.

Forbodet mot kultur- og idrettsarrangement som ikkje kan ivareta kravet om to meters avstand, vil gjelda fram til 15. juni. Regjeringa vil koma med nærmare informasjon om mellom anna 17. mai-feiring i løpet av april.

Helsemyndigheitene og regjeringa anbefaler heimekontor for alle som har moglegheit til det. Det er òg viktig å halda fram med god og hyppig handvask, halda god avstand til andre og ta hygiene- og smittevernstiltaka på alvor.

Pressemelding frå regjeringa her

Me kjem tilbake med meir informasjon over påske.