Bålforbod i Time kommune

Klikk for stort bilete Morten Lende  Frå torsdag 26. mars vert det innført generelt bålforbod i Time kommune.

Forbodet vert innført på grunn av auka skogbrannfare og for å oppretthalda beredskap grunna korona-pandemien.

Bålforbodet betyr at det ikkje er tillate å

  • tenna opp bål eller grill, også eingongsgrill, i nærleiken av skog og anna utmark
  • driva med lyng og bråtebrann

Du kan framleis grilla i eigen hage, grilla på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjent av kommunen og gjera opp eld/tenna bål dersom det er heilt openbart at det ikkje kan starta å brenna.

Les meir om kva som ikkje er tillate og kva som er tillate på nettsida til Rogaland brann og redning.

Bålforbodet gjeld for kommunane Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Time, Klepp, Gjesdal, Kvitsøy og Strand inntil annan beskjed vert gitt.