Avlesing av vassmålar


Teller på vannmålar - Klikk for stort bileteKlikk for stort bileteVassmålaren skal lesast av innan 20. desember. 

Målaravlesing på SMS

 
Me sender ut SMS til alle som er registrerte med mobilnummer. Dersom du har fått SMS,registrerer du målarstand ved å klikka på linken i SMSen. Når du klikker på lenka, kjem du direkte til ei nettside for registrering av ny målarstand og treng ikkje nokon informasjon om pålogging. Registrer inn den nye målarstanden, kven denne er avlest av og send inn.

Dersom du ikkje har fått SMS, men ønsker dette til neste år, kan du sjekka om mobilnummeret ditt er registrert i Altinn eller i www.servicevarsling.no

Bur du i eit sameie som mottar felles faktura på kommunale avgifter eller i eit burettslag, vil det ikkje vera mogleg å motta SMS for vassmålaravlesing. Bedrifter som ønsker å motta sms må ta kontakt med kommunen for å få dette registrert.

 

Målaravlesing på nett eller papir

Me sender ut vassmålarkort til alle som ikkje får SMS.

På målarkortet finn du kundenummer og passord som du kan bruka for å registrera målarstand på nett. Framgangsmåte for registrering av målarstand på nett er beskrive på målarkortet.

Klikk her for å registrera målarstand på nett

Du kan også senda inn målarkortet i posten.

Avlesing

For at me skal kunna rekna ut årsgebyret ditt for vatn og/eller avløp, treng me å vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av, og leverer vassmålarstanden til oss innan fristen 20. desember.

Dei fleste målarane har 5 siffer som skal lesast av. Ikkje ta med raude tal, eller tal bak komma. Merk at kundenummer og brukarnamn er det same.

Du har sjølv ansvar for regelmessig kontroll av vassmålaren. Då kan eventuelle store utslag som følgje av feilmåling, feil avlesing, eller lekkasje, bli oppdaga så tidleg som mogleg. Hugs at vasslekkasje i huset blir registrert på telleverket som forbruk, og du må betala for det.