AstraZeneca-vaksinen satt på vent

AstraZeneca-vaksinen vert sett på vent av Folkehelseinstituttett etter føre-var-prinsippet.

Personar som har motteke AstraZeneca-vaksine treng ikkje bekymra seg. Det er godt dokumentert at vaksinen er trygg og den gir god beskyttelse mot covid-19. Skulle det visa seg å vera ein samanheng mellom vaksinen og blodpropp vil dette vera ein svært sjeldan biverknad. I Time, Klepp og Hå er det helsepersonell som har fått denne vaksinen. Innbyggarar som er vaksinert har fått vaksine frå Pfizer/BioNTech.

Vaksinering av risikogruppene med Pfizer/BioNTech sin vaksine vil gå som planlagt, men dersom me får ein lengre pause i leveringa av AstraZeneca-vaksinen vil vaksinasjonsprogrammet verta forseinka på sikt.

Meir informasjon frå Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/nyheter/2021/vaksinasjon-med-astrazeneca-vaksinen-mot-covid-19-settes-pa-pause/