Asfaltkontor på Bryne

Nå kan seljarar av ASFALT møtast på Svendsenhuset i Bryne 
Klikk for stort bilete Synnøve Obrestad Skrettingland  

Denne veka opna Asfaltkontoret på Svendsenhuset. Her kan seljarar frå heile Jæren koma å kjøpa Asfalt-magasinet for vidare sal. Svendsenhuset er ein del av Meistringssenteret i Time kommune. 

- Me har fiksa opp og malt i sommar.  Dei som kjem til Svendsenhuset skal koma til ein koseleg stad, der me kan trivast i lag og ha det kjekt. Samtidig som me ønsker at alle skal ha ein meiningsfull kvardag, seier avdelingsleiar for Meistringssenteret Cathrine Kleppe. 

Dei første seljarane kom tilbake for «påfyll av magasin» etter ein god time.  «Det var litt kaldt, men me må ut å selja meir»  seier dei medan dei får litt kaffi og kake på opningsdagen.
Klikk for stort bilete Synnøve Obrestad Skrettingland  

 

 

 

 

 


Med å opna Asfaltkontor håper me at fleire finn vegen hit for å kjøpa magasinet og selja vidare.  Dette er ein jobb og kjelde til inntekt for seljarane. I første omgang skal det vera ope måndagar og torsdagar, og me ønsker å vera eit salskontor også for seljarar frå Hå og Klepp. 

Svendsenhuset er eit aktivitetssenter innan tenesta psykisk helse og rusarbeid. 

ASFALT er eit gatemagasin som vert seld av menneske med ruserfaring, og som er i ein vanskeleg livssituasjon. Les meir om Asfalt her.