Arkiva for byggesak og eigedom er digitaliserte og tilgjengelege på nett

Dette er eit ledd i strategien for meir rettleiing og betre service for innbyggarane i kommunen.

Klikk for stort bilete

Time kommune ønsker å gje eit best mogleg tilbod og god service når det gjeld tilgang på informasjon til sine innbyggarar. Bygg- og eigedom er eitt stort og viktig område innanfor kommunal forvaltning. Når me gjer arkiva våre digitalt tilgjengelege kan prosessar retta mot kommunen sine innbyggarar forenklast og forbetrast.  Informasjonsnivået vil verta betre og høgare, noko som igjen sikrar at me kan treffa raskare og betre avgjerder i den offentlege saksbehandlinga. Bevaring av eldre arkiv samtidig med at ein effektivt kan nytta eldre saker til ny saksbehandling er ein av hovudgrunnane til at kommunen nå har digitalisert dette arkivet.

Du finn meir informasjon om korleis du søker og tilgang til arkivet og forklaring på korleis du søker opp mellom anna gnr og bnr.

Søkbart elektronisk byggesak- og eigedomsarkiv

Time kommune tilbyr innbyggarane sine å søka i byggesaksarkivet. De kan søka på dei kriterier de ønsker.
Nokre av dokumenta er etter avgjerd frå kommunen stengde/lukka. I dette tilfellet skal de ta kontakt med kommunen og spørja om å få innsyn, på same måte som de har gjort tidligare.

Klikk alltid på pila framfor dokumentet, også om dokumentet er låst. Ofte er det ein del underdokument som er opne og de får den informasjon som faktisk er tilgjengeleg, for eksempel teikningar.