Årets Ti turar i Time-hefte er klart

Turhefte og turkort - Klikk for stort bilete

Dei som vil ha hefte og turkort før påske, kan henta begge delar på Time rådhus.

Saman med Jæren turlag gir Time kommune årleg ut turheftet "Ti turar i Time", og årets hefte er nå klart.

For første gong inneheld heftet både gå- og sykkelturar. 

Alle som vil testa turane, og i tillegg vera med i trekninga av gilde premiar, kan henta fysisk turhefte og turkort på Time rådhus. 

Etter påske vil hefte og turkort verta utplassert fleire stader i kommunen.

Du kan også lasta ned hefte og turkort om du vil: 

Ti Turar i Time 2023  (PDF, 11 MB)

Turkort 2023

Frist 1. november

Fristen for å levera inn turkortet er 1. november 2023, og kortet må leverast på Time rådhus.

Alle som leverer inn turkort får ein turpremiere og er i tillegg med i trekninga av større premiar som gåvekort, kinobillettar og mykje meir. 

NB. Me gjer oppmerksam på at løype 10 i heftet (Midgardsormen rundt) har feil kartutsnitt.