Arbeid med meining

Klikk for stort bilete   - Eg er kjempefornøyd med fritidskontakten min, og det er veldig kjekt å vera i lag med ho. Dette seier ei av dei som har fritidskontakt gjennom kommunen.

Ivar Kyllingstad Lygren (21 år) er ein av dei dyktige fritidskontaktane våre, og han er tydeleg på at dette er eit arbeid med meining:

- Eg likar veldig godt å vera fritidskontakt. Eg ser at det har stor betydning for dei eg hjelper, samtidig som det er kjekt og variert for min eigen del, seier han.

Fritidskontaktene arbeider ein til ein med personar som av ulike årsaker treng litt hjelp til å vera sosial i fritida, og tar dei med på kjekke fritidsaktivtetar. Det kan vera alt frå kino til å gå tur i skogen. Ein viktig føresetnad er at det er aktivteter som begge partar er interesserte i:

- Då eg søkte på oppdrag som fritidskontakt vart eg spurt om interessane mine. Deretter vart eg med på eit «match-møte» med ein potensiell brukar. Me oppdaga med ein gong at me hadde felles interessar, og fekk god kjemi med ein gong. Eg trur det er viktig for at dette skal fungera, seier Lygren.

Verksemdleiar Sølvi Hadland synes at fritidskontaktane gjer ein kjempeviktig jobb, og seier at det er stort behov for fleire:

- Me ser at fritidskontaktane betyr mykje for dei som har det, og me treng fleire som vil vera fritidskontakt. Det passer for folk i alle aldrar, men du bør vera over 18 år. Som fritidskontakt får du vera med å utgjer ein forskjell for nokon som treng det, seier ho.

Lygren er i alle fall ikkje i tvil om at han anbefalar andre å bli fritidskontakt:

- Eg likar å vera med folk, så dette passar meg bra. I tillegg er det både fleksibelt og variert, og me finn på mykje kjekt saman.

Som fritidskontakt får du oppdragsavtale og godtgjerdsle av Time kommune. 

Synes du dette virker interessant? Meld din interesse i dag:

Søknadsskjema for fritidskontakt