Anne-Kristin Gangenes (1967) har tatt imot tilbod om stilling som kommunalsjef Samfunn i Time kommune.
Gangenes kjem frå tilsvarande stilling i Hå kommune.
Ho er sivilagronom, studieretning landkapsarkitektur frå NMBU.
Anne-Kristin Gangenes seier i ein kommentar at «eg gleder meg å starta i stillinga og ser fram til samarbeid med nye kollegaer, politikarar og næringsliv i kommunen».
Kommunedirektør Trygve Apeland seier at han er veldig godt fornøgd med at Anne-Kristin Gangenes har takka ja til stillinga. Med si by-/stadsutvikling og landbruksrelatert erfaring vil ho ha god bakgrunn i jobben her. I tillegg viser ho eit brennande engasjement for samfunnsutvikling. Ho har god erfaring i samspelet mellom admininstrasjon, politikk og næring både gjennom jobb og tida som politikar i Rennesøy.
Anne-Kristin Gangenes starter i stillinga tidleg sommar.
Nåverande kommunalsjef, Bjørn Meling sluttar i stillinga og går over som pensjonist.