Andreas (25) vart nr 10.000 til å få første dose i Time

Ordfører Andreas Vollsund overrekker blomsterbukett til Andreas Amdahl - Klikk for stort bilete Britt Ellinor Scott   Andreas Amdahl fekk æren av å bli nummer 10.000 til å få sin første dose av koronavaksinen i Time. 

- Eg er glad for at det no var min tur til å ta vaksinen, og det var kjekt og overraskande at eg var nummer 10.000, seier Amdahl.

Ordførar Andreas Vollsund fekk sin vaksine like etterpå, og er nøgd med at vaksineringa no har kome langt i Time:

- Det er flott at alle vaksne i Time no kan bestilla tid til vaksine. Dei fleste timane me legg ut blir booka med ein gong, og me har derfor ingen problem med å få vaksinert folk sjølv om det er ferie. Det er også flott at dei unge, som Andreas her, også kjem for å få vaksine, seier han.

Alle i Time som er født i 2003 eller tidlegare kan bestilla tid til vaksinering. Dette gjeld i overkant av 14.000 personar.

- Det at me no har gitt første dose til over 10.000 viser at me har kome langt i vaksineringa, sjølv om nokre av dei 10.000 er helsepersonell hjå oss som er busett i andre kommunar, seier ordføraren vidare.

Time kommune har fått fleire dosar enn venta . Så alle som er født i 2003 eller tidlegare  og ikkje har fått dose 1, kan få seg time til vaksinering; – det er masse ledige timar i veke 30 og framover.

Meir informasjon om koronavaksinering i Time her.