Alle som er 75 år eller eldre kan no få 4.dose med koronavaksine

 
Alle som er 75 år eller eldre får no tilbod om oppfriskningsdose (4. dose) med koronavaksine. 

FHI anbefaler oppfriskningsdose (4. dose) med koronavaksine til personar som er 75 år eller eldre.

Det vert drop-in vaksinering for denne aldersgruppa på rådhuset desse dagane frå klokka 10.00 - 14.00:

  • 21. juli
  • 4. august
  • 8. august  

Det er ikkje mogleg å bestilla tid, møt opp på det tidspunktet som passar deg best. 

Om du har testa positivt, må du venta minimum tre veke til du kan ta vaksine, men lengre intervall vil gje betre immunrespons. Det må gå minst fire månader mellom tredje og fjerde dose.

Vaksine på apotek

Det er også mogleg å få oppfriskningsdose (4. dose) på Apotek 1 Kverneland og Apotek 1 Viben på Bryne frå veke 30. Informasjon om korleis du bestiller tid hjå apoteka finn du på sida for koronavaksine: 

Koronavaksine