Alle skulane kan opna igjen frå 11. mai

Klikk for stort bileteSkulane på Jæren er klare for å ønskje alle elevar velkomne tilbake i løpet av neste veke.

«Me tar med oss mykje god lærdom frå gjenopninga av barnehagar og småskuletrinn nå som resten av trinna også kjem tilbake til skulen,» seier Pamela Sudmann, skulesjef i Time kommune. 

 Dei tre grunnpilarane for å hindra smitte i skulen er: 
1. Sjuke personar skal ikkje vera på skulen 

2. God hygiene 

3. Redusert kontakthyppigheit mellom personar 

I alle skular, også vidaregåande, bør elevane i størst mogleg grad halda seg til same gruppe med elevar og tilsette gjennom heile dagen. Ei slik gruppe blir omtalt som ein kohort.

På dei høgare trinna er det fleire faglærarar i undervisninga enn på barnetrinnet, og derfor vil det vera meir krevjande å innføra ei slik ordning. «Me vil likevel jobba for å få til inndeling i faste grupper i den grad det er mogleg, slik myndigheitene tilrår,» seier skulesjefen i Klepp, Jan Harald Forsmo. 

Utforming av lokala er avgjerande for kor mange elevar og tilsette som kan vera til stades i same rom på likt. «Det skal vera minst ein meters avstand mellom kvar person. I tillegg vil me ha mykje undervisning ute,» seier Forsmo. 

«Det vil sjølvsagt variera frå skule til skule korleis ein praktisk løyser problemstillinga med avstand og grupper. Elevar og føresette vil få meir informasjon direkte frå sin skule,» seier Hilde Siira, skulesjef i Gjesdal kommune. 

«Det er utarbeidd eigne rettleiingar for særskilde fag som krev ekstra fokus på hygiene, slik som kroppsøving, mat og helse og musikk. Dette skaper trygge rammer for tilsette og elevar,» seier skulesjefen i Hå, Trond Egil Sunde.