Aldersvennleg samfunn

Er du over 65 år og bur i Time eller Klepp? 
Klikk for stort bilete 

Time og Klepp kommune skal laga handlingsplan for aldersvennlege lokalsamfunn med mål om å skapa eit samfunn som er godt for alle aldersgrupper. Me treng gode nærmiljø som legg til rette for aktivitet og møte mellom menneske på tvers av alder, interesse og funksjonsnivå.

For å laga gode planar treng me innspel frå deg som bur i kommunen. Derfor håper me at mange innbyggarar over 65 år vil bidra med å svara på ei undersøking.

Her finn du lenka til undersøkinga.  
I tillegg ligg dei tilgjengeleg i papirform på rådhus og bibliotek i begge kommunar.

Frist for å svara er 19. mars.
Meir informasjon om aldersvennlege samfunn på KS si nettside