Aktiv haustferie

Garborgsenteret - Klikk for stort bileteMange barn har meldt seg på aktivitetar i haustferien.

Bryne turnlag (turnskule), Rosseland ballklubb (fotballskule), Frøyland IL (innebandycamp) og Bryne håndballklubb (handballskule) har alle fått støtte til sine «idrettsskular» i haustferieveka.

I Time bibliotek og Garborgsenteret vert det også mange gilde aktivitetar. Det vert og forteljarstund kvar dag kl. 11 og film i Storsalen torsdag og fredag.

I tillegg arrangerer fritidsklubbane tur til Kongeparken måndag 11. oktober og tur til Skyland på Jærhagen tysdag 12. oktober.

Stor pågang
Alle aktivitetane er gratis for deltakarane og vert finansiert med midlar frå Utdanningsdirektoratet som kommunen fekk tildelt tidlegare i år. Arrangørane melder om stor pågang og fleire har fulle påmeldingslister.