75 år sidan frigjeringsdagen 8. mai 1945

Klikk for stort bileteOrdførar Reinert Kverneland ved sida av krigsminnesmerket utanfor Time rådhus.  Frigjerings- og veterandagen 8. mai vert markert kvart år i Vatneleiren. I år vert ikkje arrangementet gjennomført som normalt på grunn av koronapandemien. Time kommune markerer dagen med heiste flagg og desse orda frå ordførar Reinert Kverneland.

"FOR ALT VI HAR OG ALT VI ER"

Mange vil sikkert kjenna igjen desse orda frå ulike reklamefilmar som Forsvaret har hatt dei seinare åra. Eg tykkjer dei passar godt på ein dag som denne, Noreg sin frigjerings- og veterandag. Ein dag me skal minnast og heidra veteranar og deira familiar for det dei har ofra og risikert for vår fridom og vårt land.

I år er dagen litt ekstra spesiell. Det er nemleg 75 år sidan den tyske okkupasjonsmakta i Noreg kapitulerte. Då eg vaks opp var ikkje krigen noko fjernt, det var noko mine foreldre og heile deira generasjon hadde opplevd. Nå er det færre og færre med førstehandskunnskap om krigsåra i Noreg. Desto viktigare er det at me minner kvarandre på styggedommen slik han ikkje vert gjentatt. At me minner og heidrar alle dei som gjorde det ultimate offeret for nasjonen vår. Me må aldri gløyma.

Gratulerer med dagen, alle, og særleg dykk veteranar!

Reinert Kverneland
Ordførar

 

Klikk for stort bileteUndheimsfolket samla seg til fredsmarsj om kvelden 8. mai 1945, den dagen 2. verdskrigen var slutt. Ukjent/Fotosamlinga til Time bibliotek