3,3 millionar til næringslivet

Klikk for stort bileteVipe Ingve Lende Time kommune har mottatt 3,3 millionar kroner frå Kommunal og Moderniserings Departementet (KMD) i tilskotsmidlar til verksemder som er ramma av  koronapandemien. Etter ein søknadsprosess er det no klart kven som får tilskot.


Utvalet som står for tildelinga består av Petter Stabel (FrP), Jone Edland (AP), samt kommunedirektør Trygve Apeland, kommunalsjef Bjørn Meling og næringssjef Reidar Hebnes. Prinsipp for tildeling går fram av FSK sak 24/21.

KMD har sendt to tilskotsbrev til kommunane, der føremålet med tildelinga er nærare omtalt. Mellom anna å dekka tap på grunn av nedstenging, lokale forskrifter/skjenkestopp, og liknande. Kompensasjonsordninga kan bidra der andre kompensasjonsordningar ikkje treff, for eksempel nystarta verksemd. Reiselivsbransjen, overnatting og servering har særleg fokus.

Time kommune har i tillegg til føringar frå KMD mellom anna lagt til grunn talet på tilsette og omsetning for tildelinga.

Verksemder som har fått tildeling:

Verksemd    Tildelt beløp
Bryne Kro og Hotell as - 500 000
Hotell Jæren as - 500 000
Drivhuset Bageri & Gårdsutsalg as - 113 250
Avishuset Bryggeri as - 113 250
Ors Drift as - 113 250
Mellombels as - 113 250
Jærkokken as - 113 250
Stadion Bowling as - 113 250
Lekelandet as - 113 250
Thime Stasjon as - 113 250
Hemmeleg as  - 113 250
Jordbærpikene Bryne as - 113 250
Lucky Bowl Norge as avd Bryne - 113 250
Travel og Event as - 113 250
Extek as - 75 500
Smiegarden Kultur- og Gjestehus as - 75 500
Elvira Effekt as - 75 500
Treved as, avd Bryne - 75 500
Imba as - 75 500
Ekte Matglede med Arne Nese - 75 500
Jærprint as - 75 500
Sentrum Bar as - 75 500
Annige Bar as - 75 500
Info Vest Forlag as - 37 750
Undheim Overflate Teknikk as - 37 750
Vest Sikkerhet as - 37 750
Victory Points as - 37 750
Klara Pil as - 37 750
Bryne Næringsforening - 37 750
Bjarne Steen as - 37 750
Napoleon as - 37 750
Opplev Jæren - 20 000
    
Fire verksemder fall utanom kriteria som var sette for tildeling: Valhalla Bryne as, Jæren Hotell Eiendom as, Farsekongen as og Bedre Burger 3 as.