24 personar i karantene etter elevsmitte på Bryne vidaregåande skule

Klikk for stort bilete Sølvi Waldeland Ein elev ved Bryne vidaregåande skule fekk i går (7. september) påvist smitte av covid-19. I løpet av dagen i dag er det utført smittesporing, og 24 nærkontaktar er sett i karantene.

- Alle nærkontaktar blir kontakta direkte, og får informasjon om kva dei skal gjera. Andre elever som har hatt heimeskule idag er ikkje i karantene, og treng heller ikkje testa seg så lenge dei ikkje har symptom, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Elever og tilsette som får symptom, også milde, må bestilla test.

Alle klasser tilbake til skulen
200 elevar og tilsette har i dag vore heime og hatt heimeskule. Dette vart gjort om eit føre-var tiltak i påvente av at Stavanger og Time kommune gjorde smittesporing og varsla nærkontaktane til den smitta. Etter at nærkontaktane nå er satt i karantene er det beslutta at alle klassane skal tilbake på skulen frå og med i morgon (9. september):

- Etter råd frå kommuneoverlegen har me beslutta at alle klassane møter som vanleg frå og med onsdag morgon. Me har gjort ytterlegare tiltak for å redusera smittefaren, og mellom anna bedt alle elevane om å ta matpausen i klasserommet. Det er viktig at me alle viser omsyn til kvarandre, og er ekstra påpasselege med å følga skulen sine smitteverntiltak, seier rektor Ingunn Folgerø.

Avgjerda om å la alle klassane venda tilbake til skulen er tatt i tråd med Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.

Reiser med tog
Den smitta reiste med tog fleire gonger på torsdag og fredag sist veke. For personar som har reist med toget desse dagane og som mistenker at dei er smitta, gjeld same forhandsregler som for alle andre:

- Har du symptom må du testa deg. Om du ikkje har symptom treng du ikkje testa deg, seier Øgaard. 

Stor pågang på luftvegslegevakt og koronatelefonen
Det har i dag vore stor pågang hjå både luftvegslegevakta på Kleppe og koronatelefonen i Stavanger, og kommuneoverlegen oppmodar folk om å ikkje ringa utan at dei har symptom på covid-19.

- Det vil bidra til at dei som treng å bestilla test kjem gjennom på telefon. Om ein ikkje har symptom er det liten sjanse for at ein prøve vil gje positivt resultat, og det er derfor ikkje nødvendig å testa seg, seier Øgaard.

Elevar og føresette som har andre spørsmål om korleis dei skal forholda seg til situasjonen, eller som treng nokon å snakka med, kan kontakta Helsestasjonen på Bryne på 51 77 62 36 (telefontid 08.00 - 13.00) eller sin eigen fastlege.